Logo

Nyhende

Dette er nettsida til Sogndal klatreklubb. Dersom du skulle ha spørsmål, så send gjerne ein e-post.

Medlemskontigent 08/09

På tide å tenkje på å betale medlemskontigenten igjen. Det blir lagt ned ein stor dugnadsinnsats for klubben sine medlemmer både ute på Kvam og inne i Sognahallen. Du får også diverse rabatter som medlem. Nytt av året er gode tilbud på Bratt-butikken. Les meir om kontingent og fordeler her.

Klatrefører

Arbeidet med å lage klatrefører for Kvam er starta. Førar for Hundremeterskogen og Plommehagen ligg på nettsida under menyen Klatrefører.

Barneklatring

Det er klatring for aldersgruppa 9 - 13 år på mandager fra kl. 17.00 til 19.00. Pris er kr 900,- til mai 2010, eller kr 50,- pr. gong. Ved spørsmål kontakt Beatrice på tlf 45 69 46 52.

Nordisk Senior

Sogndal Klatreklubb arrangerte Nordisk Meisterskap for Senior 6. og 7. oktober 2007. Dei beste utøvarane frå heile norden deltok med mykje flott klatring på høgt nivå i Sognahallen. Les meir

Nordisk Junior

Nordisk meisterskap for juniorar vart arrangert 2. og 3. desember i Sogndal. Det var heile 51 deltakarar på arrangementet, og alle dei nordiske landa var representerte. Det var samla mykje folk i hallen denne helga, og den nye veggen bestod elddåpen med glans. Les meir

Forumet

Det er lagt til ein liten verifikasjon på forumet for å stoppe dei automatisk genererte innlegga som har plaga oss i det siste. Vi håpar difor at dette problemet er over, og at forumet blir mykje brukt framover. Dersom du manglar klatrepartner, har eit spørsmål om klatring eller utstyr, meinar at nokon graderer for lett (eller klatrar for hardt), har gått ei ny rute, eller har andre ting du vil dele på verdsveven -så bruk forumet. Elles dersom nokon har bilete eller andre ting dykk ynskjer å legge på nettsida så send gjerne ein e-post.

Bli medlem
Har du lyst å bli medlem i Sogndal Klatreklubb?
Informasjon finn du her.

Foto: Thor A. Fløtre

Våre vener